Indre Ryfylke barnevern
*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder

Vurderer felles barnevern

Sauda og Suldal vurderer å samarbeide om barnevern og PPT.

For få år sidan prøvde dei fire kommunane Sauda, Suldal, Etne og Vindafjord å inngå interkommunalt samarbeid innan barnevern og Pedagogisk psykologisk teneste (PPT). Samarbeidsforsøket enda som med forsøket på interkommunalt helsesamarbeid. Det stoppa opp.

Nå forsøker Sauda og Suldal å inngå eit samarbeid om barnevern og PPT.

Stadig fleire oppgåver blir overført frå staten til kommunane. Sauda og Suldal ser behovet for å styrka fagmiljøa sine.

– Problemet er at me slit med å ivareta dei oppgåvene me allereie har innan barnevern og PPT, seier Aslaug Tangeraas, som er prosjektleiar i denne prosessen.

Fagmiljøa i Sauda og Suldal er små. Utskifting av personell fører fort til at tenestene kjem på etterskot i saksbehandlinga.

– I Sauda har barnevernet stadig opplevd at dei kjem på etterskot. Eit interkommunalt samarbeid aukar sjansen for at tenestene i dei to kommunane blir meir stabile, seier Tangeraas, som likevel understrekar at dei barneverntilsette har god kompetanse og gjer ein god jobb ut frå rammevilkåra dei har.

Forslaget om eit interkommunalt samarbeid er nå sendt ut på høyring i dei to kommunane.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.