KURSAR: Eva-Karin Bjerga Øverland (til venstre) og Signe Valand skal frå september av halde eit livsstilsendringskurs. Med Bjerga Øverland sine eigne erfaringar og Valand si utdanning innan idrett, helse og ernæring, utgjer dei eit team med god kompetanse. (Foto: Siri Åbø Wiersen)

Satsar på varig endring

I september startar Eva-Karin Bjerga Øverland og Signe Valand eit livsstilsendringskurs. Målet er at kurset gir ei så positiv oppleving at folk vel å fortsette på eiga hand.

– Dette blir ikkje noko blodslit eller intense greier, overskrifta på infoskrivet vårt er jo ”Det enkle er ofte det beste. Vi skal hjelpe dei med å ta grep dei kanskje ikkje klarer sjølv, og setje mål saman for deretter å la dei få kjenne på mestringskjensla, fortel Eva-Karin Bjerga Øverland.

Ho har sjølv gått gjennom ei livsstilsendring, og har dermed god erfaring. Etter to relativt tette graviditetar skjønte ho at ei endring i livsstilen måtte til.

– Eg har alltid likt å halde meg i aktivitet, men lufta gjekk litt ut av meg og eg datt saman etter graviditetane. Etter kvart kom kiloane, og eg bestemte meg for å gjere noko. Bonusen eg fekk var betre kondisjon, noko som eigentleg ikkje var målet den gongen. Energinivået blei også betre, noko som var eit resultat av at eg var meir aktiv. Det eg gjorde då var intensivt, men slik blir det ikkje på kurset vårt, forsikrar Bjerga Øverland.

Les meir i papirutgåva eller last ned e-avis her.