TVERRPOLITISK DUGNAD: Politikarane var svært einige når dei i fellesskap pakka valprogram tysdag kveld. Laurdag startar lokalpartia med stand. Da er dei truleg ikkje fullt så einige. (Foto: Frank Waal)
TVERRPOLITISK DUGNAD: Politikarane var svært einige når dei i fellesskap pakka valprogram tysdag kveld. Laurdag startar lokalpartia med stand. Da er dei truleg ikkje fullt så einige. (Foto: Frank Waal)

Pakka og klart for valkamp

Tysdag stilte dei lokale partia i kommunestyresalen til felles pakking av valprogram.

– Det skal bli godt å kome i gang med valkampen, seier Asle Rafdal i Arbeidarpartiet.

I morgon blir den lokale valkampen godt synleg for saudauen. Høgre, Arbeidarpartiet og Senterpartiet startar opp med stand i Sauda sentrum kvar laurdag fram til valdagen den 14. september. Frå neste helg inntar også Venstre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti bybildet.

– Me politikarar har halde på med valkampen ei god stund, men for saudabuen blir den for alvor synleg frå i morgon av, seier Knut Atle Seim i Høgre.

Kampen mellom ordførarkandidatane Asle Rafdal og Knut Atle Seim blir det store spenningsmomentet i årets kommuneval. Klarer Arbeidarpartiet å behalde ordførarstolen nok ein periode? Eller klarer Høgre å vekse seg enda større og samle nok allierte frå dei andre partia slik at det blir lokalt «regjeringsskifte»? Blir det sistnemnte utfallet av valet, er det likevel ikkje gitt at Høgre endar opp med ordføraren. Det er mange ordførarar frå Senterpartiet som har tenestegjort i norske kommunar utan at Senterpartiet har vore det største partiet i eit lokalt «regjeringssamarbeid».

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her