SAUDABESØK: Statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Paul Chaffey, deltar på kompetansekonferanse i Sauda 9. september. (Foto: Pressebilde)
SAUDABESØK: Statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Paul Chaffey, deltar på kompetansekonferanse i Sauda 9. september. (Foto: Pressebilde)

Paul Chaffey til Sauda

Statssekretæren er på gjestelista når Sauda si framtid skal bli diskutert.

Kompetanse er tema under ein konferanse som blir arrangert i Sauda 9. september. Arrangementet er i samband med omstillingsarbeidet som pågår i Sauda.

– Kompetanse er ein suksessfaktor i heile landet, og spesielt i distriktet, seier Terje Fatland, som er leiar av omstillingsstyret i Sauda.

Fatland er seniorrådgjevar i fylkeskommunen og har jobba med regionsutvikling i mange år.

Paul Chaffey er tidlegare SV-politikar og kjem til Sauda for å snakke om omstilling og endringar i regionar. Nå er Chaffey statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– Chaffey er ein engasjerande person. Me er veldig glade for å ha fått han til Sauda, seier Fatland.

Andre deltakarar på konferansen er rektor ved Høgskolen Stord/Haugesund, Liv Reidun Grimstvedt, Lillian Hatling ved Distriktssenteret og verksdirektør Kåre Bjarte Bjelland ved Eramet.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her