Sp i samtalar med fleire parti

Senterpartiet håper dei har inngått politiske avtalar i løpet av dagen.

Etter gårsdagens brakval der Sauda Senterparti sikra ni av 19 plassar i kommunestyret, treng partiet berre inngå samarbeid med eitt parti for å sikre politisk fleirtal. Listetopp Asbjørn Birkeland kan tysdag morgon opplyse at dei er i samtalar med fleire parti.

– Me prøver å gå breitt ut. Me er i samtalar med meir enn eitt parti, opplyser Birkeland.

At Asbjørn Birkeland blir ordførar er heva over ein kvar tvil, sjølv om dei andre partia teoretisk kan slå seg saman og sikra eit knapt fleirtal.

– Eg håper me er i mål i løpet av arbeidsdagen, seier Birkeland, rett før han er på veg inn i politiske samtalar.

– Blir det forhandlingar om både posisjonar og politiske saker i dag?

– Me må få på plass posisjonane først, så får me sjå, seier Birkeland.

Posisjonane Senterpartiet vil forhandle om gjeld varaordførar og plassar i formannskapet. Senterpartiet har med sine 44,7 prosent av stemmene gode kort på hand når det gjeld å sikra seg varaordføraren i tillegg til ordføraren.