Blei valt inn med éi stemme

Barbro Werdal blei dermed det femte varamedlemmet til soknerådet.

– Eg veit ikkje kven som har stemt på meg. Skulle eigentleg ønska at eg visste det før valet, for då hadde eg nok drive ein iherdig valkamp for å iallfall få fem stemmer, seier Barbro Werdal muntert.

Med bare ti kandidatar på vallista for elleve soknerådsverv ville eventuelle velgarpåførte nanm på vallista konkurrera om ellevteplassen i samband med kyrkjevalet måndag.

Dei aller, aller fleste velgarane har kun levert inn den ferdigutfylte lista, med diverse kumuleringar. Men éin velgar har altså ført opp eitt namn: Barbro Werdal

– Personen ler nok veldig godt når det nå viser seg at eg ikkje bare blei nominert, men at eg faktisk blei valt inn som vara i fire år, seier Werdal.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her.