– Akkurat nå er alt veldig uvisst med tanke på kva utgifter dette betyr for Sauda kommune, seier rådmann Wictor Juul.
I utgangspunktet skulle det bli bygt fire bygg i tilknyting til turistvegprosjektet i Almannajuvet. Servicebygget nede ved vegen er ferdig, det same er kafébygget.
Arbeidet med å bygga museumsbygget starta i sommar og skal stå ferdig utpå våren neste år. Det såkalla ”hjelmbygget” som var planlagt like utanfor gruveinngangen, rundt 700 meter lenger inne, er nå tatt ut av planane.
Nå blir funksjonane i hjelmbua flytta til eit mindre bygg i tilknytning til museumsbygget. Det er denne planendringa som har gjort at vegansvaret som før låg på Statens vegvesen nå er flytta over på Sauda kommune.
Statens vegvesen har brukt heile fem millionar kroner bare på å rassikra området mellom hovudvegen og turistvegbygningane som nå er i ferd med å ta form i Almannajuvet. Dette er ein kort strekning på snaue 200 meter.
Traseen som kommunen nå har fått det økonomiske ansvaret for, altså vegen mellom bygningane og gruveinngangen, er heile 700 meter lang. Denne går dessutan gjennom eit langt meir utfordrande fjellterreng.
Dei siste åra har det gått fleire store steinras i området. Rasa har øydelagt fleire delar av gruvestien, som har vore permanent stengt for turistar og turgåarar sidan anleggsarbeidet starta for fullt i 2012.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her