Ungdommar har utnytta eit smutthol hos Statens vegvesens servicekontor i Sauda. Dei har bløffa på seg at dei har gjennomført den obligatoriske kjøreopplæringa på moped. Deretter har dei tatt den teoretiske prøva og fått mopedlappen, også kalla klasse AM 146.
Minimumskravet for å få mopedlappen er 14 timar kjøreopplæring med ein autorisert kjøreskulelærar. Nokre av elevane har hatt ingen form for opplæring, men har likevel fått sertifikatet.
Årsaka til at dette smuttholet har oppstått er at fleire elevar som hadde hatt kjøreopplæring hos Jarle Lien Trafikkskule ikkje var registrert i systema, slik dei skulle vere.
Statens vegvesens servicekontor i Sauda sleit med å få kontakt med kjøreskulen for å få verifisert at elevane hadde gjennomført opplæringa, slik elevane hevda.
Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her