Sauda kan miste regionsentralen

Alt innan nyttår kan Statkraft konkludere med at regionsentralen i Sauda eller Dalen blir lagt ned.

Statkraft har vedtatt å slå saman Region Vest og Region Øst til ein felles region. Per Are Hellebust blir frå 1. november direktør for den nye regionen. Onsdag var han i Sauda og helste på dei tilsette.

I eit intervju med Ryfylke svarte den nye regiondirektøren ja på spørsmålet om Statkraft vil vurdere samanslåing av dei to regionsentralane i Sauda og på Dalen i Telemark.

– Punkt éin blir å sette saman ein ny leiarstruktur. Punkt to blir å sette ned ei arbeidsgruppe som skal ta stilling til om me skal slå saman regionsentralane, opplyser Hellebust.

– Dersom det blir samanslåing, er Sauda eller Dalen den einaste aktuelle lokasjonen?

– Ja, det er kun Sauda og Dalen som blir vurdert.

– Kva tidshorisont har arbeidsgruppa?

– Det er kanskje ambisiøst, men eg håper me har ein konklusjon før nyttår. Av omsyn til dei tilsette ønsker eg ikkje at dette blir ein prosess som tar lang tid, men samtidig skal me ta oss tid til å gjere ein grundig jobb, seier Hellebust

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her