Stien som hjelper jordskjelvoffer

Fire sherpaar løftar kampesteinar og krummar nakken opp mot Hovlandsnuten. Mellom anna for å hjelpe landsbygda dei kjem frå i Nepal, der mykje blei jamna med jorda etter jordskjelvet i april.

Jordskjelvet målte 7,8 på Richters skala og drepte fleire enn 9000 menneske. Drygt 20 000 personar blei skada og fleire hundre tusen blei gjort heimlause då jordskjelvet jamna hus, landsbygder og større område med jorda.

Blant dei ramma var landsbyen Khunde, på 3 800 meters høgde eit par dryge mil frå Mount Everest. Majoriteten av bustadane og bygga i landsbyen blei anten heilt øydelagt eller påført skadar av jordskjelvet for fem månader sidan.

I to og ei halv veke har Sonam, Dawa Nuru, Purna og Kusang vore i Sauda og utbetra stien til Hovlandsnuten. Dei er alle frå landsbyen Khunde.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her