Uvisst om 4. divisjonsspel

Opprykket er klart, men vil A-laget til Sauda spela ein divisjon høgare neste sesong?

– Vil spelarene, vil me, konstaterer Stig A. Birkeland, som trenar Sauda sitt a-lag i fotball saman med Johannes Rød.

Då A-laget slo Etne på heimebane sist fredag blei det klart at Sauda endar på andreplass i pulja si og dermed rykkar opp til 4. divisjon neste sesong. Sauda spelte i 4. divisjon i 2010, 2011, 2012 og 2013, men søkte seg frivillig ned i 5. divisjon i 2014.

Nå, når Sauda er kvalifisert til å spela i 4. divisjon igjen, er det framleis ikkje heilt klart kva divisjon det blir på saudaspelarane neste sesong. Både spelarar og trenarar er i tenkeboksen.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her