*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
Kommunen vil lyse ut ei 100 prosent stilling ved helsestasjonen for å ta imot asylsøkarane på best mogleg vis. Dermed får helsesøstrene Kari Lagarhus Iversflaten (til venstre) og Ragnhild Roth (til høgre) ein ny kollega, som også kjem til å jobbe under Olivia Obtinario, einingsleiar ved Sauda Legesenter. (Foto: Even Emberland)

Styrker bemanninga grunna asylmottaket

Kommunen har alt bestemt seg for å opprette ei 100 prosent stilling på helsestasjonen nå når 150 asylsøkarar kjem til Sauda.

For ei dryg veke sidan blei det klart at Hero fekk klarsignal frå Utlendingsdirektoratet (UDI) til å opprette eit mottak med 150 asylsøkarar i Sauda. Det gir kommunen utfordringar kring helsetenesta, barnehage- og skuleplassar.

Rådmannen går likevel til oppgåva med tru på at ein skal få på plass eit godt og forsvarleg tilbod frå kommunens side.

– Eg er utruleg naiv om eg seier at det blir lett, men stemninga i gata blant saudabuar og politikarar gjer meg nøktern positiv. Dette er ikkje noko me har bedt om, men me ser jo korleis verdssituasjonen er. Det blir utfordrande, men eg trur at me skal klare dette, seier Wictor Juul.

Då Heros asylmottak i Strand kommune blei oppretta i 2008, arbeida Juul hos kommunen aust for Stavanger. Erfaringane han gjorde då er ein av faktorane til at kommunen nå opprettar ei 100 prosent stilling for ei helsesøster eller ein sjukepleiar ved helsestasjonen.

– I utgangspunktet blir det viktigaste å administrere den nye situasjonen me kjem til å få på ein god måte. Helsestasjonen kjem til å merke ein stor auke i pågangen, og det er me nøydd til å førebu oss på. Me må få på plass eit system som fungerer, forklarer Juul.

Med etableringa av mottaket i Sauda vil det også vere sju personar frå Hero som kjem til å jobbe med asylsøkarane i Sauda og tilbodet til dei, opplyser rådmannen.

Rådmannen og kommunen veit ikkje kva personar som vil komme til mottaket, og difor synest Juul det er vanskeleg å seie kva kommunen vil satse ekstra ressurser på, forutan helsestasjonen.

Hero har signalisert at dei første asylsøkarane kjem til Sauda i desember. Juul og kommunen har som mål at den nye stillinga ved helsestasjonen skal vere bemanna før 1. januar.

Også barnehageplassar og skuleplassar kan krevje omstrukturering i kommunen. Barn i grunnskulealderen som kjem til mottaket har krav på skulegang.

Kommunen har hatt kontakt med fylkesmannen og er lova hjelp derifrå for å få på plass naudsynt skuletilbod.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her