Leverte mora og gjekk

Svein Olav Aabø meiner kommunen ikkje klarer å ivareta hans 90 år gamle mor heime, i påvente av omsorgsplass. Nå er han utslitt.

Svein Olav Aabø og kona har ikkje hatt som mål å flytte sine gamle foreldre til ein omsorgsplass tidlegast muleg. Dei har heller stilt opp slik at foreldra har kunna bu heime lengst muleg.

For to og eit halvt år sidan var helsesituasjonen til mor til Svein Olav så dårleg at det offentlege anbefalte ein omsorgsplass.

– Eg søkte ein omsorgsplass, men det var ikkje ledige plassar. Etter eitt år flytta eg og kona mi inn til mor mi fordi ho ikkje klarte seg sjølv. Huset er det eg som eig, forklarer han til Ryfylke.

Der budde dei i eitt år og tre månader i påvente av ein ledig omsorgsplass.

– Då klarte eg ikkje meir. Ho er dement og eig ikkje korttidshukommelse. Eg fekk dei same spørsmåla heile tida med få sekund mellomrom. Ho må passast på heile tida og treng hjelp til alt, seier Aabø.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her