POSITIV SAL: Over 200 engasjerte saudabuar møtte opp for å få informasjon om asylmottaket måndag kveld. Folk som på nett har markert sin store motstand til mottaket var ikkje å sjå. (Foto: Ingvil Bakka)
POSITIV SAL: Over 200 engasjerte saudabuar møtte opp for å få informasjon om asylmottaket måndag kveld. Folk som på nett har markert sin store motstand til mottaket var ikkje å sjå. (Foto: Ingvil Bakka)

Fullt hus på folkemøtet

Kinosalen var smikkfull då UDI og Hero informerte om det komande asylmottaket.

– Det er ikkje uvanleg at slike folkemøte samlar fulle hus. Det hender at me opplever kritiske spørsmål, men her i Sauda verka det som folk har eit positivt engasjement for asylmottaket som kjem, seier Gunn Helen Søfting, rådgivar i UDI.

Like etter klokka halv seks måndag ettermiddag begynte kinosalen å fyllast opp. Då møtet starta ein halvtime seinar var det fleire som måtte stå. Representantar frå Sauda kommune, UDI og driftsoperatøren Hero informerte om det komande asylmottaket, som startar opp i Sauda 1. desember.

Fleire av innlegga oppmoda sambygdingane til å ta vel imot asylsøkarane.

– Ta imot dei med eit smil og ei utstrekt hand. Ikkje sjå på dette som eit problem, men sjå heller på det som ei utfordring me skal løysa, sa pensjonisten Per Ellingsen, som ønska Hero lukke til med etableringa.

Ellingsen fekk stor applaus for innlegget sitt.

Det komande asylmottaket vil ha 6,5 årsverk knytta til sjølve drifta av mottaket.

Etter ein intensiv intervjurunde sit Hero nå klar med den første innstillingslista si. Nå startar dei intervjurunde nummer to.

– Me må komma i hamn med tilsettingane i neste veke. Men tilsettingar er investeringar og det er viktig å gjera ein grundig jobb. Me har dessutan eit backup-team som skal bidra i oppstartfasen, seier mottakskoordinator Anpu Mahesan til Ryfylke.

Les meir i papirutgåva fredag.