Håper å opne til helga

Med rett temperatur dei neste dagane trur dagleg leiar i Sauda skisenter, Lars Reidar Fosstveit, at skitrekket blir opna alt denne veka.

Sidan laurdag morgon har kanonane i Sauda skisenter spytta ut snø døgnet rundt. Om dei gunstige vêrforholda held fram, satsar dagleg leiar Lars Reidar Fosstveit på å opne trekket alt til helga.

– Me har produsert bra med snø sidan laurdag. Det er ikkje mykje som skal til for å opne det litle trekket og familieheisen. Eg trur faktisk at me kunne ha køyrt ut snøen og opna nå, men eg vil vere litt meir sikker på vêrvarselet før me startar å jobbe med det me har produsert, seier Fosstveit.

– Når satsar ein på å opne?

– Det er farleg å love ein dato, men om det blir stabilt dei neste dagane, så satsar me på å opne det litle trekket til helga.

Måndag føremiddag var ni snøkanonar i full sving i nedre del av skisenteret for å gjere bakken kvit. Den daglege leiaren opplyser at dei er klar til å jobbe med snøen, køyre den ut og opne trekket på kort varsel, men førebels varierer vêrprognosane for mykje til å avgjere om ein vil pynte bakken med kvitt istadenfor å lagre den i store haugar.

Les meir i papirutgåva eller last ned eavis her