*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
BAK BUDSJETT: Innbyggarane i Sauda betaler mindre i skatt enn budsjettert. Rådmann Wictor Juul vurderer innstrammingar i kommuneøkonomien. (Arkivfoto)

Hastar med naboavtale

Suldal tilbyr Sauda to sjukeheimsplassar, men det er lite truleg at Sauda vil ha dei.

Sauda har lange ventelister på kommunale pleie- og omsorgsbustader. Suldal har ikkje slike problem. Der har kommunen så god plass at dei vurderer å legga ned to sjukeheimsplassar frå nyttår av.

Sauda-politikarane har bedt rådmannen om å undersøka om det går an å leiga kommunale pleie- og omsorgsbustader av Suldal. Suldal har svart at det kan dei, og har gitt informasjon om kva dette eventuelt vil kosta Sauda.

– Eg informerte formannskapet om prisane og tilboda frå Suldal. Men dei bare tok imot informasjonen og ingen sa noko om at eg skulle gjera noko vidare i saka, seier rådmann i Sauda, Wictor Juul.

Saka blei tatt opp av rådmannen under punktet ”Eventuelt” i formannskapet sitt møte 18. november.

Kommunalsjef helse i Suldal, Grethe Jæger Angelvik, seier til Ryfylke at Sauda kan få leiga ein sjukeheimsplass i Suldal for 1,3 millionar kroner i året. Vil Sauda ha begge dei to ledige sjukeheimsplassane blir prisen 1,8 millionar kroner.

– Me kunne sagt 2,6 millionar kroner for to plassar, men slår av til 1,8 millionar kroner, seier Angelvik.

Ho stadfestar at tilbodet fortsatt står ved lag, men at det begynner å hasta med å få eit konkret svar frå Sauda.

Suldal planlegger å legga ned dei to sjukeheimsplassane frå og med nyttår av, på grunn av manglande behov i eigen kommune. Suldal gjer dette utan å måtta ty til oppseiingar av tilsette i helsevesenet sitt.

Vil du lese meir om saka? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.