Ekstremvêret «Synne» har truffe Sauda laurdag morgon, slik det har ramma Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland generelt.
Like over klokka 10 blei fylkesvegen midlertidig stengt ved fossen grunna den store vassmengda og stein som fell frå fossen.
Halvannan time seinare blei vegen opna igjen, og politiet dirigerer trafikken manuelt på staden.
Politiet har vore ute ved Svandalsfossen frå tidleg av på laurdag. Også før vegen blei stengt dirigerte dei trafikken manuelt.
Det blir gjort fortlaupande vurderingar på om vegen skal haldast open eller må stengast igjen.
Sjå video av Svandalsfossen frå laurdag føremiddag øvst i denne saka.
FV 520 ved Svandalsfossen er nå helt stengt. Kommer store steiner ned fossen.
— Politiet HSPD (@HaugSunnOps) 5. desember 2015
Svandalsfossen Sauda. Pr. nå er det manuell dirigering på stedet, etter at det har vært helt stengt en periode.
— Politiet HSPD (@HaugSunnOps) 5. desember 2015
Norges vassdrags- og energidirektorats flomvarslingsteneste for Sauda og Rogaland varslar om flom, oransje nivå i heile Rogaland. Oransje nivå inneber omfattande overfløyming på utsette stader.
Ekstremvarselet gjeld for heile laurdag og natt til søndag. Meteorologisk institutt melder om ekstreme nedbørsmengder i indre strøk av Rogaland. Det er venta 100-140 millimeter nedbør på 24 timar, medan det lokalt i indre strøk kan komme 140-170 millimeter nedbør.
Meteorologisk institutt varslar også om stor snøskredfare i fjellet og krevjande køyreforhold grunna mykje vind og nedbør.
Du kan lese meir om vêrvarselet for Sauda her.