AVSLUTTAR SØKET: Kven som har sendt opp nødrakettar i Svandalen-området er foreløpig uvisst. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)
AVSLUTTAR SØKET: Kven som har sendt opp nødrakettar i Svandalen-området er foreløpig uvisst. (Arkivfoto: Ingvil Bakka)

Avsluttar leitinga

Ingen er sakna. Foreløpig er det uvisst kven som har sendt opp nødrakettar.

Etter at det klokka 17.20 i kveld, måndag, blei sendt opp nødrakettar i Svandalen-fjella har det blitt leita etter folk i nød i området.

Nå, klokka 20.00 melder politiet at leiteaksjonen er avslutta,

– Eit Sea-King-helikopter har leita og ikkje funne nokon i nød. Ingen er meldt sakna, og det er ingen forlatte bilar på parkeringsplassen. Røde Kors har også vore i området og snakka med folk. Me avsluttar leiteaksjonen, så sant me ikkje får inn meldingar om sakna personar, får Ryfylke opplyst frå operasjonssentralen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.