Dagleg leiar ved asylmottaket i Sauda, Kristin Hystad, fortalde måndag ettermiddag at dei første asylsøkarane kjem til Sauda måndag kveld. Etter to veker med hektiske førebuingar for den nytilsette daglege leiaren, er ho trygg på at dei er klare for å ta imot asylsøkarane.
– Det går slag i slag resten av veka. Utlendingsdirektoratet (UDI) legg inn bestillingar etter kvart på kven og kor mange dei vil sende til Sauda. Foreløpig er det kun familiar me har på listene, seier Hystad.
Måndag ettermiddag låg det inne i planen til mottaket i Sauda at det kjem mellom 40 og 50 asylsøkarar til bygda denne veka, spredd på dei forskjellige dagane. Dei som kom til Sauda alt i går, måndag, er frå Syria, Irak og Afghanistan.
– Umiddelbart når dei kjem vil dei få ein gjennomgang av brannsikring i bustadane sine, i tillegg til opplæring av nødvendige ting. Me er veldig klare for å ta dei imot, og nå som me veit at UDI har prioritert å sende barnefamiliar til Sauda, jobbar me med ekstra fokus på dei, forklarer Hystad.
Med omlag ein tredjedel av plassane i Sauda dekka, er det framleis spørsmål rundt når alle mottaksplassane i bygda vil vere fylt opp. UDIs førespurnad, som blei gjort før dei nytilsette ved mottaket i Sauda starta i jobbane, var på 150 mottaksplassar.
– Me anar ikkje når alle plassane er fylt opp. Det er UDI som styrer både kven som kjem og når dei kjem, me tar bare imot. Me forventar at det kjem 150 asylsøkarar, og det er det me jobber mot, seier Hystad.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.