*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
NYE LIV I SAUDA: 1. desember blei det etablert eit asylmottak i Sauda. Dei siste vekene har fleire asylsøkande barnefamiliar flytta til Sauda I Åbøbyen bur tre afghanske familiar samla under same tak. Borna Merlode Ahmady (5), Sorah Anrary (5), Erfan Karimi (8), Merhaba Ahmady (5), Seiar Ahmady (6), Maidan Anrary (11) gler seg til trygge og normaliserte kvardagar i Sauda, mellom anna med skulegang på programmet. (Foto: Ingvil Bakka)

Fyller tre nye klassar

Saudaskulen blir truleg utvida med over 35 asylbarn frå og med januar.

– Akkurat nå er det ingen grunn til å vera bekymra for ein nedgang i elevtalet i Sauda, sa Jakob Svandal, kommunalsjef oppvekst og kultur, då han informerte politikarane i kommunestyret onsdag.

Etter at det blei etablert eit asylmottak i Sauda for bare 2,5 veke sidan, har det kome fleire asylsøkar-barnefamiliar til bygda.

Ifølge Svandal vil talet på skulebarn truleg passera 35 ved årsskiftet. 27 av desse er barneskuleelevar, medan åtte er i ungdomsskulealder.

Kommunen opprettar nå tre nye introduksjonsklassar, som foreløpig vil vera asylbarnas første møte med norsk skule og norsk språkopplæring. Det blir ein klasse for 1.-3.klasse, ein for 4.-6.klasse og ein for 7.-10. klasse.

Elevane vil bli plassert på Fløgstad skule, på Risvold skule og på ungdomsskulen.

Ein klasse med elevar i alderen åtte til elleve år er alt i gang på Fløgstad skule.

Jakob Svandal seier desse elevane truleg vil bli omorganisert i meir tydelege aldersklassar når ein er klar med klasseinndelinga over nyttår.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.