Startar reguleringsarbeidet

D-S Bygg ønsker å etablere nytt bustadfelt i Saudasjøen.

Dersom alt går etter planen kan grunnarbeidet til eit nytt bustadfelt ved Svandalsvegen starte opp hausten 2016. Men før den tid må det utarbeidast ein reguleringsplan som skal til kommunal behandling.

Området D-S Bygg ønsker å regulere til bustadområde er på 18 dekar. Området ligg langs Fv 711 Svandalsvegen og blir knytt til Sandvikåsen i øvre del av området og Saua Gard i retning mot fjorden.

– Nokre av tomtene blir for einebustader, men me ser også for oss leilegheiter eller tomannsbustader på eitt plan med livsløpsstandard. Det er ikkje mange leilegheiter for eldre i Saudasjøen, seier Vidar Jensen.

Det er Kjell Idar Rafdal som er grunneigar. D-S Bygg ønsker å etablere bustadområdet med klausul om at ein kjøper tomt og ferdig bygg.

– Men val av hus er opp til kjøparen, seier Stian Nordvik.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.