– Det var opprinnelig fire menn som var sikta i saka, der fellesnemnaren var handel basert på informasjon i forkant av ei børsmelding. Det er ikkje uvanleg at slike saker blir foreina i éi rettssak, ettersom det vil vera felles bevisførsel for nokre av delane i saka, seier Lars-Kaspar Andersen, politiadvokat i Økokrim.
Fleire personar skal vitna i saka, der politiet vil prøva å bevisa at det er gjort større aksjekjøp i selskapet Rocksource ASA som følge av ulovleg innside-informasjon.
I utgangspunktet var det fire personar som var mistenkt for tilvirkning til og utføring av ulovleg innsidehandel i samband med at det i mars 2014 blei gjort eit olje- og gassfunn i ein av leitebrønnane til selskapet Rocksource ASA.
Ein av mennene tilstod og fekk sin tilståingsdom i Oslo tingrett 15. juni i fjor.
Nyleg blei det klart at saudabuane blir åleine på tiltalebenken under rettssaka i Stavanger tingrett, ettersom også stavangermannen har valt å legga korta på bordet og innrømma innsidehandelen.
Saudamannen i 60-åra har tidlegare uttalt til Dagens Næringsliv at han har god samvittighet og at han tar saka med knusande ro.
Det er sett av tre veker i april til rettssaka i Stavanger tingrett.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.