FOR 100. GONG: Søndagens NM-stafett, kor Tove Andersen (i midten) gjekk for Rustad IL, var saudabuen sin 100. NM-distanse. Ingen har fleire. (Foto: Privat)
FOR 100. GONG: Søndagens NM-stafett, kor Tove Andersen (i midten) gjekk for Rustad IL, var saudabuen sin 100. NM-distanse. Ingen har fleire. (Foto: Privat)

Historisk saudabu i NM på ski

Ingen har gått fleire NM-distansar enn Tove Andersen. Med søndagens stafett runda saudabuen 100.

Den utflytta saudabuen Tove Andersen har gått senior-NM på ski i 19 år. Det har gjort at ho i dag har 100 NM-distansar på samvitet som 38-åring.

Det er Asgeir Moberg, administrasjonssjef i Norges Skiforbund og speaker på fleire meisterskap, som opplyser om rekorden. Han har ført statistikk over individuelle NM-løp på 1990- og 2000-talet.

– Det kan ikkje vere nokon tvil om at ho har gått flest NM-distansar. Frå åra før eg starta å føre statistikk var det bare halvparten så mange NM-løp kvar sesong, så det er rimeleg klart at ho har flest av alle, seier Moberg.

Med førre vekes NM i Tromsø, har Andersen gått 73 individuelle NM-distansar, i tillegg til 16 stafettar og elleve sprintstafettar. Det talte ho opp for Ryfylke i går, måndag. Det var først då ho blei klar over at ho med søndagens stafett har runda NM-distansar.

– Kva skal eg seie, eg er veldig glad i å konkurrere og har framleis motivasjonen på plass. Eg går lokale renn og trener ein del. Når det er NM og eg blir spurt om å gå stafett, synest eg det er veldig kjekt. Og skal eg først gå stafetten, så går eg gjerne fleire distansar, smiler Andersen.

Tre av NM-distansane ho har gått, har gitt gull på stafett. Alle titlane blei tatt saman med lagvenninnene i IL Varden, høvesvis i 2002, 2004 og 2005, då ho var busett i Trøndelag. I tillegg har ho ein sølvmedalje og tre bronsemedaljar frå meisterskapsstafettar.

– Det er heilt klart stafettane som har vore høgdepunkta i NM. Eg hugsar godt då me vann det første gullet i 2002. Det var veldig, veldig spesielt, og ein veldig spesiell NM-stafett kor me eigentleg ikkje trudde at me skulle vinne, seier Andersen.

For ut på sisteetappen i 2002, som Kine Beate Bjørnås gjekk for IL Varden, var dei nummer fire, halvanna minutt bak leiarlaget Lyn og Ine Wigernæs. Wigernæs såg lenge ut til å ha full kontroll, men på dei siste to kilometerane var det bråstopp for Lyn-kvinna. Bjørnås tok inn heile forspranget og avgjorde til Varden sin fordel inne på stadion.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.