Mista kunstverdiar i garasjebrann

Kunstatelieret til Heidi Huse er totalskadd av brann- og vasskader.

– Alt er øydelagt. Det er så klart veldig vondt, men eg trøystar meg med at dette bare er ting. Ingen menneske blei skadd, det er det viktigaste, seier Heidi Huse.

Det var måndag kveld at tilfeldig forbipasserande turgåarar oppdaga at det brann i andreetasjen i garasjen til familien Bloch Johnsen/Huse på Rustå, like ved Austarheim skule. Heidi Huse var sjølv ikkje heime då brannen starta. Mannen hennar, Kjell, prøvde å sløkka flammane med brannslokkingsapparat, utan å lukkast.

Det lokale brannvesenet, som fekk melding om brannen klokka 17.50, rykka ut med alt tilgjengeleg mannskap og fekk etter ein liten halvtimes tid kontroll på brannen.

– Det var litt skummelt med tanke på at det var ein gassbehaldar nede i sjølve garasjen, men denne fekk me heldigvis berga vekk, fortel brannsjef Harald Eikrem.

Brannvesenet måtte riva vekk fleire taksteinar for å komma til med vasslangane.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.