*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
BEST I TEST: Sauda Skisenter fekk 7 378 av dei drygt 18 000 stemmene i Stavanger Aftenblad si kåring. Det gir dagleg leiar, Lars Reidar Fosstveit, grunn til å smile. (Arkivfoto: Even Emberland)

Kåra til beste skisenter

Stavanger Aftenblad har hatt kåring av regionens beste skisenter. Sauda Skisenter gjekk til topps.

Det er lesarane hos Stavanger Aftenblad som har stemt fram kva dei synest er det beste skisenteret i regionen. Sauda Skisenter fekk omlag to tusen stemmer meir enn Røldal Skisenter.

– Veldig kjekt. Det betyr at brukarane er fornøgde med det me gjer, seier ein glad dagleg leiar, Lars Reidar Fosstveit.

Etter at Stavanger Aftenblad la ut avstemminga på sine nettsider i starten av vinterferien, har over 18 000 personar gitt si stemme.

Stavanger Aftenblad offentleggjorde avstemminga på mandag denne veka.