SKAL TAUAST: Operasjonsleiar Håkon Tornes opplyser at det er bestilt tauing for å få bussen ut av grøfta. (Foto: Lesarbilde)
SKAL TAUAST: Operasjonsleiar Håkon Tornes opplyser at det er bestilt tauing for å få bussen ut av grøfta. (Foto: Lesarbilde)

Buss køyrde av vegen

Ingen passasjerar om bord i rute-/skulebussen.

Tysdag morgon køyrde ein buss av vegen like før Ropeid. Det var ein rute-/skulebuss som sklidde ut av vegbanen i ein venstresving.

Operasjonsleiar Håkon Tornes opplyser at det ikkje var passasjerar om bord.

– Det er ingen dramatikk i dette. Det var null passasjerar om bord. Det er glatte vegar i området, og bussen har sige ut av vegen i ein sving, seier operasjonsleiar Håkon Tornes.

Då Ryfylke snakka med han tysdag morgon, hadde operasjonsleiaren akkurat prata med bussjåføren. Utkøyringa skal ha skjedd omlag ein kilometer frå Ropeid, mellom Tysselandbrua og Ropeid. Tornes opplyser at det er bestilt tauing for å få bussen ut av grøfta.

Tipsaren som har sendt bilde av bussen til Ryfylke skriv i ei tekstmelding at vegen ut mot Ropeid er svært glatt.

Kommunikasjonssjef i Tide Buss AS, Lubna Jaffery, seier tysdag morgon at skulebussen er innstilt som ein følge av dei glatte vegane.

– Det er såpeglatt. Det blir gjort laupande vurderingar på når den kan køyre igjen, seier Jaffery like før klokka ni på tysdag.