Saudasjåfør i branndrama

Ante Saua Årthun gav full gass då traileren han kjørte tok fyr inne i Seljestadtunnelen. Politiet og arbeidsgivaren hans rosar saudabuens handlekraft.

– Måten eg løyse situasjonen på er for så vidt positivt, ja. Men eg har følt på at det var min feil at traileren tok fyr, sjølv om me ennå ikkje veit kva som faktisk skjedde, seier Ante Saua Årthun.

Dette er for øvrig arbeidsgivaren hans heilt totalt uenig med han i.

30-åringen frå Sauda har sidan oktober i fjor jobba som langtransportsjåfør for firmaet Hustvedt & Skeie Transport. Søndag ettermiddag var han på veg til Oslo, fullasta med kjøt frå Fatland slakteri.

Ante Saua Årthun har kjørt om lag ein tredel av den 1 270 meter lange Seljestadtunnelen då han må gi ein møtande bil litt meir plass i ein venstresving. Han høyrer eit smell og er usikker på om det er fordi hengaren har vore borti tunneltaket.

Han stoppar for å undersøka skadane, og idet han er på veg ut av trekkvogna ser han at det lyser bak hengaren. Det brenn – og han er ein snau og bratt kilometer unna tunnelopninga framfor seg.

– Då var det bare ein ting å gjera: Komma seg fortast muleg ut av tunnelen, fortel Årthun.

Han gir full gass i den bratte tunnelen, og får kjøretøyet ut i friluft.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.