KJØRTE PÅ SJØEN: Ulukka skal ha skjedd cirka tre kilometer frå Sandeid. (Foto: Ryfylke-tipsar)
KJØRTE PÅ SJØEN: Ulukka skal ha skjedd cirka tre kilometer frå Sandeid. (Foto: Ryfylke-tipsar)

Stygg ulukke ved Sandeid

Ein bil skal ha kjørt i sjøen mellom Vikedal og Sandeid. Ein mann er henta opp frå sjøen.

– Fv 46 mellom Sandeid og Vikedal. Bil kjørt ut i sjøen. Redningsalarm er sendt ut, skriv politiet på sin twitterkonto nå i dag, onsdag formiddag.

Fleire lesarar har tipsa Ryfylke om ein massiv redningsaksjon, der også eit Sea King-helikopter og dykkarar skal vera på plass.

Det er for Ryfylke ikkje kjent kva type bil det gjeld, om bilen har tilknyting til Sauda eller kva retning bilen hadde før den kjørte på sjøen.

Ifølge politiet skal ein mann ha blitt berga opp frå sjøen, og han er sendt til sjukehuset i Bergen i redningshelikopter. Politiet sa i 11-tida at dei ikkje kunne utelukka at det var fleire personar involvert i ulukka, og søket etter personar i sjøen blei derfor halde fram.

Søket er nå avslutta, og det ikkje lenger mistanke om at fleire personar var i bilen som hamna i sjøen.

Ryfylke kjem tilbake med meir informasjon etter kvart,