Som det går fram av Bartec-konsernets uttale, vil det i løpet av mars bli fatta ei avgjerd på om Bartec Technor si avdeling i Saudasjøen blir lagt ned eller ikkje.
Ordføraren, Asbjørn Birkeland, møtte onsdag lokale Bartec Technor-tilsette og Stavanger-leiinga i Sauda. Der blei ordføraren informert om situasjonen. Birkeland er bekymra for arbeidsplassane som står i fare.
– Dette er ein dramatisk situasjon for Sauda. Bartec Technor er ein av dei aller viktigaste arbeidsplassane i Sauda. Dei bidrar også til andre arbeidsplassar, til dømes gjennom kantinedrifta og kjøp av lokale tenester, forklarer Birkeland.
Overfor Technor har ordføraren vore tydeleg på at kommunen er klare til å hjelpe med det dei har moglegheit til om behovet melder seg hos Technor.
Også dagleg leiar i Sauda Vekst, Inge Løyning, er spent på kva avgjerda blir. Technor er ikkje medlem av Sauda Vekst, men Løyning er likevel ikkje sein med å understreke at det handlar om viktige arbeidsplassar for saudasamfunnet.
I dag er det 29 tilsette og ingen som er permitterte ved produksjonskontoret til Bartec i Sauda.
Om det internasjonale konsernet i løpet av mars tar ei avgjerd som kuttar antal arbeidsplassar i Sauda, håper Løyning at dei ikkje vil legge ned produksjonen fullstendig.
– Me håper i det lengste at det blir ei form for vidareføring av Technor sitt virke i Sauda. Då kan det lettare byggast opp og styrkast igjen når tidene eventuelt blir betre. Om Technor blir heilt lagt ned, blir det langt vanskelegare om ikkje umogleg å få arbeidsplassane tilbake, forklarer han.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.