Under helgas NM var ikkje det store spørsmålet om Hildeborg Juvet Hugdal tok NM-gull i bankpress. Til det er ho for suveren i Norge. Spørsmålet var korleis ho er i rute til VM i styrkeløft i november.
I helga løfta ho 215 kilo.
– Eg er veldig fornøgd, konkluderer saudajenta.
Den personlege rekorden hennar i benkpress er på 227,5 kilo.
Hildeborg Juvet Hugdal har hatt pause som toppidrettsutøvar då ho har stifta familie. Ho har blitt mamma til to barn. Nå er målet å jobbe seg tilbake. Årets store mål er VM i styrkeløft i november i USA. Hugdal er frå før verdsmeister i styrkeløft.
– Eg er kjempemotivert for å kome tilbake. Dersom eg ikkje når toppen i år, kan eg gjere det neste år. Eg har åra foran meg, seier Hugdal, som flytta tilbake til Sauda i fjor.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.