Den nye barnehagen i Åbøbyen er planlagt med fem avdelinger og kapasitet til 80-95 barn. Det er omlag ei dobling av kapasiteten som er ved Veslefrikk barnehage i dag. Arbeidet med å reise den nye barnehagen, som erstatter dagens Veslefrikk barnehage, blei starta i fjor haust. Om drygt fire månader skal alt vere klart til opning.
Barnehagen blir bygd i det gamle garasjeanlegg-området. Den vil ha hybelbygget til Sauda vidaregåande skule og dei kommunale PUH-bustadene i Torsvegen som næraste naboar.
15. august er oppstartsdatoen for haustsemesteret, og målet har heile tida vore at den nye barnehagen skal vere klar til bruk frå og med starten av det kommande skuleåret.
– Me ligg bittlittegrann på etterskot, det er snakk om ei veke eller to. Det er heilt på limit med tanke på oppstart i august. Dei lokale entreprenørane og bedriftene som jobbar med å få dette til strekk seg langt for at me skal klare det, seier kommunalsjef kultur og oppvekst, Jakob Svandal.
Barnehagestyrar i Veslefrikk barnehage, Berit Haustavik, er blant dei som gleder seg stort til å flytte inn i det nye barnehagebygget, som vil vere 1 030 kvadratmeter stort.
– Det blir fantastisk, det er heilt utruleg. Lokala me bruker i dag er godt slete og ikkje tilfredsstillande for å drive barnehage i 2016, og det er jo difor, kombinert med eit behov for fleire plassar, det blir bygd ein ny. Me gleder oss enormt mykje, seier Haustavik.
Svandal opplyser at det i Sauda neste skuleår er rundt 270 barnehageplassar som blir tatt i bruk. I inneverande semester det 32 færre plassar i bruk og ingen på venteliste.
Dei siste åra har kommunen hatt utfordringar med å tilby plass til alle barn og familiar som har ønska det. Med den nye barnehagen i bruk kan ein sjå langt etter ventelistene.
– Også dei som har søkt barnehageplass frå nyttår av vil få plass. Me kjem til å ha veldig god plass i tida framover. Det er veldig gledeleg og positivt for barnefamiliar som flyttar til Sauda. Her er det barnehageplass, for i utgangspunktet skal me kunne ta inn nye heile vegen, forklarer Svandal.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.