SEIER NEI: Senterpartiet og ordførar Asbjørn Birkeland er tydelege på at dei ikkje ønsker ei kommunesamanslåing. I neste veke startar arbeidet med å undersøke kva innbyggarane i Sauda meiner. (Foto: Ingvil Bakka)
SEIER NEI: Senterpartiet og ordførar Asbjørn Birkeland er tydelege på at dei ikkje ønsker ei kommunesamanslåing. I neste veke startar arbeidet med å undersøke kva innbyggarane i Sauda meiner. (Foto: Ingvil Bakka)

Stort engasjement på folkemøtet

Men kommuneleiinga fekk kritikk for å ha vore for lunkne i utgreiingsprosessen.

– Sauda er ikkje på pallen når det gjeld engasjement i denne saka, sa Anfinn Rosnes, prosessrettleiar hos fylkesmannen under folkemøtet i kinosalen tysdag kveld.

Kommuneleiinga hadde ikkje særleg store forhåpningar til frammøtet då dei inviterte saudabuen til informasjonsmøte og debatt om kommunereforma.

Likevel, 85 personar stilte opp for å få informasjon om reforma, og få høyra kommuneleiinga fortella om dei to alternativa Sauda har fått utgreia. Fleire frå salen tok ordet i debatten. Representanten frå fylkesmannen var imponert over saudabuen.

– Dette var ei positiv oppleving. Eg har vore på folkemøte om dette med bare 20-30 i salen. Her i Sauda er det ei overraskande god deltaking og godt engasjement blant publikum, sa Rosnes.

Etter krav frå den blå-blå regjeringa har alle norske kommunar plikt til å vurdera samanslåing med ein eller fleire nabokommunar innan 1. juli. Etter signal frå fleire nabokommunar, stod Sauda i fjor haust igjen med bare to alternativ: Å slå seg saman med Suldal, Etne og Vindafjord, eller å forbli ein eigen kommune.