400 saudabuar har i løpet av april svart på innbyggarundersøkinga som Opinion har gjennomført på oppdrag frå Sauda kommune. 51 prosent av dei spurde ønsker ikkje ei kommunesamanslåing saman med Suldal, Vindafjord og Etne, som er det einaste reelle alternativet i dag.
29 prosent seier dei ønsker ei samanslåing. 20 prosent er usikre.
I dag er det ingen andre alternativ til kommunesamanslåing, sidan Suldal har varsla at det ikkje er aktuelt for dei å gå i tospann med Sauda. Likevel er andre alternativ spurt om i innbyggarundersøkinga.
42 prosent svarar at dei er positive til ei samanslåing med bare Suldal. 35 prosent svarar at dei er negative. Bare 13 prosent er positive til ei samanslåing av kommunane Sauda, Suldal og Hjelmeland.
I undersøkinga er det også lagt inn eit spørsmål om kva dei tenker dersom det hadde vore tunnel mellom Sauda og Etne. Då svarar 80 prosent at dei er positive til ei kommunesamanslåing.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.