Av dei vedtatte kommunale innsparingane på 5,1 millionar kroner, skal 2,3 millionar kuttast innan helse- og omsorgssektoren.
Dette får eldrerådets leiar, Ragnhild Ness, til å reagere.
– Kutt innan helse- og omsorgssektoren rammar dei eldre. Eldrepolitikken i Sauda er for dårleg, seier Ness.
Ho viser til at 19 personar står på venteliste til institusjonsplass.
– Dette talet er langt høgare i praksis. Mange ønsker plass, men blir vurdert til å vere for friske. Eg veit om ei dame på 100 år som fekk avslag fordi ho er for frisk. Det synest eg er feil, seier Ness.
Ho påpeiker at fleire eldre føler seg utrygge og er redde for å bu aleine heime i eit dårleg tilrettelagt hus.
– Pårørande bur kanskje ikkje i Sauda. Dei føler også utryggheit, seier Ness.
Ho viser til at lovverket krev at Sauda kommune har cirka 85 omsorgs- og institusjonsplassar ut frå talet på eldre som bur i kommunen.
– Sauda har langt under halvparten av dette. Ingen av desse plassane er sjukeheimsplassar, seier Ness.
Ho meiner heimehjelptenesta er kraftig kutta i tilbodet samanlikna med før.
– I dag er det tilbod om halvanna time kvar tredje veke. Det er alt for lite. I feriar, ved sjukdom og i høgtider er det ingen tilbod, seier Ness.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.