INGEN TILSETTE: Ivar Johannes Handeland har sagt opp alle tilsette i Hellvik Hus. Bedrifta trappar ned, og sjølv er han nå takstmann på heiltid. (Foto: Even Emberland)
INGEN TILSETTE: Ivar Johannes Handeland har sagt opp alle tilsette i Hellvik Hus. Bedrifta trappar ned, og sjølv er han nå takstmann på heiltid. (Foto: Even Emberland)

Hellvik Hus trappar ned

Ivar Johannes Handeland meiner byggmarknaden er på ville vegar. Det har han sett seg lei av, og difor kuttar firmaet alle tilsette.

I 19 år har Ivar Johannes Handeland vore ein av dei sentrale aktørane på byggmarknaden med sitt Hellvik Hus. Til sommarferien er det slutt for Hellvik Hus slik ein kjenner firmaet i dag. Avgjerda om seie opp dei tilsette er gjort, og bankar og kreditorar er betalte.

Hellvik Hus vil framleis selje byggesett og produkt slik dei gjer i dag, men sjølve arbeidet vil isåfall bli gjort av innleigd arbeidskraft. Det skuldast det Handeland skildrar som ein lang og utmattande kamp i kraftig motvind, på ein marknad kor konkurransen bare har blitt tøffare og tøffare.

– Det er veldig mange grunnar til det. Då Hellvik Hus blei etablert, var hovudkonkurrentane utanbygdsfirma. Nå kjem hus og hytter på vogntog frå Sverige og Aust-Europa. Der er det eit heilt anna lønnsnivå som det er umogleg å konkurrere mot. Eg etterlyser større kontrollar frå myndigheitene på at norske forskrifter blir fulgt, seier Handeland.

Han var utdanna byggmeister i 1987. Hellvik Hus blei etablert i 1997 og har på det meste hatt ti tilsette. Etter mange år med driftsoverskot, har dei fleste åra sidan 2010 enda med underskot og økonomiske bekymringar for Hellvik Hus.

Då Handeland tok avgjerda om å seie opp dei tilsette, bestod firmaet av to tilsette, i tillegg til han sjølv.

– Marknaden for rehabilitering er i ferd med å råtne totalt. Det er veldig mange grunnar til det. Det går mest på at det bare blir fleire og fleire useriøse aktørar som ikkje har papirene i orden. Det gjer det vanskeleg for seriøse aktørar å få jobbar til prisar som gjer det mogleg å tene pengar på, meiner byggmeisteren.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.