– Dette handlar om ei robustgjering av linjenettet i Norge. Linjene begynner å bli gamle og me jobbar derfor med vedlikehald og oppgraderingar i nettet, seier Jan Roger Gaarden, byggeleiar i Statnett sin anleggsplan for trinn 1 i Sauda.
Statnett jobbar nå med og planlegger fleire storstilte utbyggingar i Norge. Bare i Rogaland og Agder-fylka, den såkalla Vestre korridor, ligg det føre planar til ein verdi av rundt 8,5 milliardar kroner fram mot 2020.
Nær 600 millionar kroner skal investerast i Sauda-området, der transformatorstasjonen på Austarheim utgjer eit av knutepunkta i spenningsoppgraderinga i Vestre korridor. I perioden august i fjor og mai i år har det blitt drive grunnarbeid i området rundt transformatorstasjonen. I løpet av desse ni månadene har det blitt rive eit lagerbygg og sprengt bort 12 000 kubikkmeter steinmasse i fjellet bak dagens transformatorstasjon. Desse steinmassane ligg nå mellombels lagra i eit deponi.
Nå startar sjølve byggeperioden, der planen blant anna er å bygga to transformatorgruber, to nye master og eit nytt lagerbygg. Byggeperioden, som er trinn 1 i Statnett sin oppgraderingsplan, er venta å vara i rundt eitt år.
Foreløpig har ikkje Noregs vassdrags- og energidirektorat gitt konsesjon til byggetrinn 2, men Statnett håpar å få denne godkjent i løpet av få månader. Det langsiktige målet er å heva spenninga i dei to linjenetta Sauda – Saurdal og Sauda – Lysebotn frå 300 kV til 420 kV.
– Planen er å driftssetta dei nye linjene hausten 2017, forklarer Gaarden.
Ei slik spenningsheving gir meir effektiv energitransport, med mindre straumtap ved lengre overføringar.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.