*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
FLEIRE PLANAR: Om Nils Jarle Sandanger (nummer to frå venstre), Hans Søndenå og Alf Jan Olsen får det som dei vil, blir det eit skovlhjul i den vesle fossen som på bildet er framfor dei. Det kan gjere det endå kjekkare for Sebastian Skorpe Sandanger (til venstre) og andre som bruker parkområdet. (Foto: Even Emberland)

Pengehjelp set fart på prosjekta

Andedammens Venner fekk førre veke 140 000 kroner frå Sparebankstiftelsen til å vidareutvikle det populære tur- og leikeområdet.

Sparebankstiftelsen Sauda har årleg eit arrangement på våren kor det blir klart kva prosjekt dei veljer å støtte. Denne våren delar dei ut totalt 2,9 millionar kroner fordelt på 16 ulike prosjekt. Dei to prosjekta som får mest støtte er alt skrive om i Ryfylke, høvesvis det nye Folkets Hus (1,25 millionar kroner) og Sauda Idrettslag sine planar om å utvikle stadionområdet (600 000 kroner).

Eit anna prosjekt som vekte særleg interesse og givarglede hos Sparebankstiftelsen og deira daglege leiar Sivert Sørnes, var vidareutvikling av området rundt Andedammen. Andedammens Venner fekk 140 000 kroner til å fortsette med arbeidet og vedlikehaldet som kontinuerleg pågår på området.

– Det er viktig for oss å støtte det som er for dei mange framfor den eine. Jo meir dugnad det er knytta til prosjekta, jo høgare kjem prosjektet i bunka vår. Heile poenget med å gi ut pengar til ulike prosjekt er å skape engasjement. Andedammen er eit populært område, og dei har mange planar som vil gi mykje til mange saudabuar, seier Sørnes.

Med pengane frå Sparebankstiftelsen har dei planar om å sette opp eit lite hus grisane kan gå inn i, fleire bord, bålpanner, kaninbur med kaninar, eit skovlhjul i den vesle fossen og plante blomar og plantar i ein skråning. Dei ser også føre seg å rydde området mellom Musikkhallen og Andedammen slik at også det kan bli brukt.

– Me vil lage det koseleg her og halde det vedlike. Me vil også legge til rette for at skular og barnehagar kan vere her. Fleire bord vil me få til sidan det kom som eit innspel frå barnehagen, forklarer Søndenå.

– Korleis håper du det ser ut her om fem år?

– Eg håper området då er som ein park, og at folk kan gå inn på området under ein portal kor det står Andedammen. Me håper å få på plass fleire typar dyr, kanskje nokre påfuglar og lamaer. Det hadde òg vore spanande med ein kiosk me kunne drive i helgene, seier Søndenå.

Det var for rundt 20 år sidan at endene kom til Andedammen. Alt som var då, var ein liten dam med eit gjerde rundt. Det er først dei siste to-tre åra at det verkeleg har vore utvikling på området, særleg med renoveringa i fjor.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.