For ei veke sidan innførte brannsjefen totalforbod mot eld i Sauda, på grunn av skogbrannfare. Torsdag vart totalforbodet oppheva på grunn av nedbør.
Varabrannsjef Inge Seim minner likevel om at det er generelt bålforbod i Norge i perioden 15. april til 15. september. Bålforbod gjeld i skog og annan utmark. Dette gjeld også bruk av eingongsgrill.
– Det er lov å tenne opp eit kaffebål dersom dette skjer på ein trygg måte, seier varabrannsjefen.
I god avstand til vegetasjon, på tilrettelagde grill- og bålplassar og i andre trygge situasjonar er det lov å gjere opp eld i sommarhalvåret.
Sørg for at bålet ikkje er større enn at du har kontroll på det og sørg alltid for at bålet er sløkt før du forlet det. Det er ikkje lov til å brenne bål på svaberg i Norge.