*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
19 MILLIONAR KRONER: Technor-bygget er lagt ut for sal med ei prisantyding på 19 millionar kroner. (Arkivfoto: Frank Waal)

Technor-bygget for sal

Prisantydinga er på 19 millionar kroner.

I samband med avgjerda om å legge ned Technor i Sauda for ein dryg månad sidan, gjorde administrerande direktør i Bartec Technor AS, Halvor Lunde, det klart at dei ønska å selje bygget.

Onsdag denne veka blei eigedommen lagt ut for sal. Tomta er 5,8 mål stor med eit bruksareal for fabrikken på 3 793 kvadratmeter.

Det er Meglerhuset Rele som har fått oppdraget med å selje eigedommen.

– Det blir spanande. Me har tid på oss, og framover vil me jobbe for å sjå kva løysingar me kan finne. Det er ein veldig anvendeleg eigedom som fleire ulike aktørar kan vere interesserte i, seier næringsmeklar Jan Audun Lutro i Meglerhuset Rele.

Bygninga blei reist i 1984, og den blei påbygd for sju år sidan, i 2009. Med nesten 3,8 mål som bruksareal gir prisantydinga ein kvadratmeterpris på rundt 5 000 kroner. Meklaren håper det vil friste aktørane som vurderer bygget.

– Skulle ein kjøpt noko slikt i eit meir sentralt område som til dømes Stavanger eller Haugesund, hadde det fort vore ei dobling av prisen. Det er eit veldig godt og solid bygg, og sidan det ligg i Sauda er det til ein rimeleg penge samanlikna med liknande bygg andre stader, forklarer Lutro.

Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.