I april gjekk prestane Espen Gya og Arild Markussen ut med forskjellig syn på vigsel av homofile. Saka var aktuell i lys av det nasjonale Kirkemøtet sitt vedtak same månad om at alle medlem i Den norske kirke kan inngå ekteskap i lokale kyrkje.
Gya er sokneprest i Sauda, medan Markussen er prest med hovudbase i Sauda, men han jobbar òg som prest i Suldal og som fengselsprest i Sandeid fengsel.
Soknepresten reserverer seg ikkje mot å vie homofile par, medan Markussen er éin av mange prestar som reserverer seg.
I dag, onsdag, går dei saman om ein temakveld om homofili. Begge vil halde ei innleiing på rundt eit kvarter kvar, før ein opnar for spørsmål, reaksjonar og diskusjon rundt temaet.
– Målet er at dei som blei engasjerte i saka skal få moglegheita til å forstå meir av tankane bak både Arild sitt syn og mitt syn. Dette er ikkje noko me ønsker å presentere som noko me ikkje er opne for å diskutere og ha debatt om, så det blir rom for å uttrykke både følelsar og meiningar ein måtte sitte inne med, seier Gya.
– Kva er viktig for deg å få fram?
– At det er like stor plass i kyrkja for alle som har ei anna meining enn meg i denne saka, for kyrkja er mykje meir enn dette spørsmålet. Eg kjem heller ikkje til å endre min profil i gudstenestar og andre samanhengar som ein følge av mitt syn på vigsel av homofile, forklarer soknepresten.
Vil du lese meir? Last ned eavisa her eller sjå papiravisa.