– Me håpar at det er fordi saudabuen er på ferie. Men me synest det er urovekkande få saudabuar som bruker det nye utebadeanlegget. Det blir spennande å sjå korleis besøkstala blir når ferien er over og turistane forsvinn, seier Solveig Jordal, badevakt i Saudahallen.
Medan Saudahallen tidlegare var vore stengt i skuleferien, er det nå sommaropningstider i badeanlegget. Nå er det muleg å bada i Saudahallen i seks timar kvar einaste dag gjennom sommaren.
Heilårsbassenget, som opna få dagar før årets påske, fekk ein forrykande start. Heile 2 000 gjester blei registrert i badeanlegget i løpet av dei seks påskedagane. Dette var godt over ti prosent av det normale årsbesøket til svømmehallen. Normalt har besøkstala i påsken lege på mellom 700 og 900 personar. Men så begynte besøkstala å gå ned.
Stadig færre kom til badeanlegget, og i mange periodar var bassenget tomt eller med kun einslege badarar. Ein liten oppsving var det naturleg nok etter at resten av anlegget opna i slutten av mai, men også utover i juni dalte besøkstala.
Folk kunne i vår bada både inne og ute mellom klokka 17.00 og 21.00. Då skuleferien starta, blei det innført sommar-opningstider, der badetidene blei sett til mellom klokka 11.00 og 17.00. I starten kom det lite folk. Det var laber interesse for utebading, sjølv i eit splitter nytt utebadeanlegg med ”Syden-faktor”.
– Det var veldig frustrerande. Me hadde fått eit nytt og flott anlegg. Og så kom det ikkje folk. Det var fortvilande, innrømmer Jordal.
I løpet av den første veka i skuleferien, 20.-26. juni, kom det totalt 611 gjester. Den første dagen kom kun 24. Flest folk kom det laurdagen, då 213 personar bada i anlegget. Men så starta ferien for fullt, og turistane begynte å komma til Sauda. I den neste veka kom 773 gjester.
Då Ryfylke snakka med Jordal før opningstid fredag var det registrert alt 569 badegjester så langt i sist veke, før dei tre mest besøkte helgedagane. Etter helga viste tala at 985 personar besøkte Saudahallen i førre veke.
– Det er mange turistar som kjem, heldigvis. Nokre gonger er det faktisk bare turistar som nyttar seg av anlegget. Men turistane er veldig fornøgde. Dei er i anlegget lenge, uansett vêr, og er veldig begeistra, fortel Jordal.
Vil du lese meir? Les meir i papirutgåva eller last ned eavisa her.