Manuell dirigering i Svandalsfossen

Dei store vassmengdene i Svandalsfossen har ført til at det nå er manuell dirigering gjennom fossen.

Det har vore manuell dirigering på staden sidan klokka 05.00 tysdag morgon, får Ryfylke opplyst av Statens vegvesen. Ifølge Meteorologisk institutt skal nedbørsmengdene avta i løpet av dagen.

Ryfylke kjem tilbake med meir.