Då Herman Ljung og Hanne Grethe Lunde Ljung flytta frå einebustad i Kalhagen til tomannsbustad på Rustå, reagerte dei på at dei måtte betale omtrent dobbelt så mykje i eigedomsskatt for tomannsbustad enenn for einebustaden. Først trudde dei at naboens halvdel av tomannsbustaden ved ein feil hadde hamna på deira rekning. Då dei fekk høyre at ein annan huseigar i nabolaget, som bur i einebustad, betalte vesentleg mindre i eigedomsskatt, var dei heilt sikre på at dette var feil.
Saman med nabo Tone Jensen klagde dei til kommunen og meinte at dei betalte for mykje i eigedomsskatt.
– I vedtektene til kommunen står det svart på kvitt at ein tomannsbustad og einebustad skal betale like mykje i eigedomsskatt pr. kvadratmeter, påpeiker dei tre.
Sakkyndig nemnd tok ikkje klagen til følge og Sauda kommune opprettheldt kravet om at dei måtte betale den tilsendte rekninga.
– Då oppdaga me at kommunen bruker skattetaksten for rekkehus og leilegheit på vår eigedom. Denne satsen er nesten dobbelt så høg. Men me bur ikkje i rekkehus. Dette er ein tomannsbustad, seier Tone Jensen.
Ifølge takseringsprinsippet og retningslinjene Sauda kommune oppgir skal eigedomsskatten på einebustad og tomannsbustad betale like mykje i eigedomsskatt. Verdigrunnlaget er 8 000 kroner per kvadratmeter. Verdigrunnlaget for rekkehus og leilegheit er 15 000 kroner per kvadratmeter.
– Når me bur i tomannsbustad er det ikkje rett at Sauda kommune utan vidare kan bestemme seg for at me ikkje skal betale skattesatsane til tomannsbustad likevel. Det står også svart på kvitt i salsprospektet til eigedomsmeklaren at dette er ein tomannsbustad. Det står også på skjøtet til eigedomen, seier Tone Jensen.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.