GRUNN TIL Å GLISE: Atle Mehus var raskast i comebacket til Saudamila. (Foto: Frank Waal)
GRUNN TIL Å GLISE: Atle Mehus var raskast i comebacket til Saudamila. (Foto: Frank Waal)

Mehus vann Saudamila

Øverland nummer to: – Han er god denne fotballspelaren!

35 stilte på startstreken då Saudamila gjorde comeback som arrangement torsdag. Ut frå start var det Atle Mehus som raskt tok kommandoen.

– Eg blei litt overraska. Opp Brekkebakken merka eg at eg hadde fått ei luke. Det var ikkje ein bevisst taktikk å dra frå i starten. Eg hadde ein god dag, seier Mehus.

Han sprang i mål på tida 37.46 og var 14 sekund føre nummer to, som var Ola Martin Øverland.

Øverland erkjenner at dei andre ikkje hadde ein sjanse mot Mehus, som spelar på A-laget til fotballgruppa.

– Han er god denne fotballspelaren. Me hang på i 30-40 meter, så gav me opp, seier han.

Øverland og Asbjørn Skoglund utgjorde duoen som kjempa om dei to andre medaljane.

– Me sprang saman den første halvdelen av løpet. Då prøvde eg meg for å sjå om eg fekk ei luke. Det gjorde eg, seier Øverland.

I dameklassen var det Tove Karbøl som var raskaste løpar, med tida 50.17. Ho var 59 sekund føre nummer to i dameklassen, Ingunn Svandal. Anne Kristine Kanestrøm var 19 sekund bak der igjen og blei nummer tre.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.