PÅ HAGEFEST: Både o-løpsgenseren og dressen måtte vika. Jon Lambrigt Grindheim er bunadskledd når han om få timar skal på fest med dei kongelege. (Arkivfoto: Ingvild Rørtveit Myklebust)
PÅ HAGEFEST: Både o-løpsgenseren og dressen måtte vika. Jon Lambrigt Grindheim er bunadskledd når han om få timar skal på fest med dei kongelege. (Arkivfoto: Ingvild Rørtveit Myklebust)

Jon på fest med fiffen

Saudabuen Jon Lambrigt Grindheim er ein av dei 1 500 gjestene i kongeparet sin hagefest i Oslo i dag.

– Det er jo litt langt å reisa for ein to-tre timar lang hagefest… Men ein invitasjon til ein hagefest i Slottsparken er jo ikkje noko ein får så ofte, så eg måtte nesten dra, fortel Jon Lambrigt Grindheim.

Onsdag pakka han bilen og reiste åleine mot hovudstaden. Han håpte i det lengste at han hadde klart å halda deltakinga hemmeleg, men måtte sjå det slaget tapt då Ryfylke ringde han torsdag morgon. Då var det tre og ein halv time før ”dørene” opna inn til hagefesten i Slottsparken.

Grindheim fekk invitasjonen i juli, altså mange veker etter at fleire andre saudabuar hadde vore i Stavanger på den kongelege hagefesten der i juni.

– Eg spurte først ordføraren om han hadde ein finger med i spelet, men han visste ingenting. Eg trur kanskje fylkesmannen Magnhild Meltveit Kleppa står bak, seier 50-åringen.

Då Ryfylke snakka med Grindheim torsdag morgon var han nesten ferdigkledd for hagefesten. Han kjører på med bunad på ein slik staseleg fest.

– Rogalandsbunaden min, med grøn vest og svart jakke, forklarer han.

Før festen skal han på omvisning på Stortinget, ein invitasjon han fekk frå fylkesmann Kleppa og som han valde å takka ja til.

Etterpå blir det kanappear og stettglas saman med 1 500 andre og dei kongelege i Slottsparken. Grindheim er litt skeptisk til om han får helsa på kong Harald, dronning Sonja eller nokon andre i kongefamillien. Både kongen, dronninga, kronprinsparet, prinsesse Märtha Louise og prinsesse Astrid vil vera til stades på festen.

– Viss ein står på får ein sikkert helsa på dei. Men eg tenker at først vil eg ha mat, så får me heller sjå, seier han.

Femti personar frå kvart fylke + frå Svalbard er invitert til hagefesten i hovudstaden.

Før festen i det heile tatt er starta er Grindheim veldig godt fornøgd med Oslo-turen.

Han har nemleg skaffa eit spel til språkkafeen på Betel.

– Me har vore på leit etter eit fusballspel, eit slikt spel der ein står to spelarar på kvar side og vrir på spaker. Me fekk bestilt, og nå ha eg trødd det inn i bilen min. Hagefest OG fusballspel. Det kallar eg to floger i eit smekk, seier Jon Lambrigt Grindheim fornøgd.