TOMT OG STILLE: Tor Helge Seljestad (frå venstre), Bjarte Djuv, Roy Frode Kirkevold og Steinar Enlid har saman 60 år bak seg i Technor. Nå er det uvanleg tomt og stille på arbeidsplassen deira. (Foto: Even Emberland)
TOMT OG STILLE: Tor Helge Seljestad (frå venstre), Bjarte Djuv, Roy Frode Kirkevold og Steinar Enlid har saman 60 år bak seg i Technor. Nå er det uvanleg tomt og stille på arbeidsplassen deira. (Foto: Even Emberland)

Aleine igjen på Technor

Det er stille og tomt hos Technor. Tilbake står bare nokre få tilsette som framleis må rydde og pakke ned.

Det kom overraskande på saudasamfunnet då det i vinter blei klart at Bartec Technor AS vurderte å legge ned deira produksjonskontor i Sauda. I april blei det klart at dei då 29 arbeidsplassane forsvann, bedrifta blei lagt ned, og ein starta prosessen med å rydde og pakke ned alt av utstyr og anna.

Snautt fem månader seinare, er mykje gjort. Produksjonshallen står naken igjen. Viftene i taket sviver, men elles er aktiviteten og lydnivået markant lågare enn tidlegare.

– Det blir nesten som eit dødsbu. Eg har eit forhold til tinga her og har sett korleis ting har blitt bygd opp bit for bit. Det er ikkje kjekt å sjå det bli rive ut, seier Steinar Enlid, plassjef for fabrikken i Sauda.

Han er sjølv tilsett ut desember. Roy Ove Kirkevold har også kontrakt ut denne månaden, medan Bjarte Djuv får stå i arbeid hos Technor til våren, då han blir pensjonist.

Dei andre tilsette fekk epost fredag for ei dryg veke sidan, etter at dei fleste hadde gått heim frå jobb, frå leiinga om at det nå var over, eit par dagar før august var omme.

Sjølv om det er trist og tungt for dei få som framleis har Technor som arbeidsstad, er det nå klart at nokre av dei vil halde fram med arbeid i produksjonshallen i Saudasjøen.

– Me skulle helst ha drive vidare slik det var. Dette er ei trøyst for nokre få av oss, ikkje for dei nærare 40 som me var, seier Steinar Enlid.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.