– Det er rett og slett fantastisk! Givargleda var enormt stor. Sjølv dei som har lite og ingenting gav rundhanda. Det er rørande, seier Ola Breivik, nestleiar i Sauda Røde Kors.
Han har dessutan inntrykk av at mange gir meir nå enn før. Bøsseberarane fortel at fleire folk gjerne gav 600-700 kroner, og enkelte gav opptil 200 kroner per familiemedlem.
Opptellinga viser at det blei samla inn heile 368 901 kroner under årets tv-aksjon i Sauda. Det gir kommunen ein 42. plass på landsoversikta, og ein femteplass blant kommunane i Rogaland. Fordeler ein summen på innbyggartalet får ein eit bidragssnitt på vel 78 kroner. Dette er heile 36 kroner meir enn landsgjennomsnittet.
– Saudabuen har vore flinke til å stilla opp om aksjonen. Eg er både stolt og glad, seier ordførar Asbjørn Birkeland.
Mari Austarheim frå den lokale innsamlingskomiteen fortel at det var rundt 80 bøsseberarar ute i aksjonstimane søndag ettermiddag.
– Totalt fekk me samla inn 156 378 kroner bare på bøssene søndag. Og folk som ikkje har fått gitt, ringer nå i etterkant og vil støtta aksjonen, fortel ho.
Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.