*** Local Caption *** Arkiv: Redaksjon/Avisbilder
NYE SAUDABUAR: Weldeyohanes Beraki (til venstre) og Dlbantu Bebzelenaio er to tidlegare flyktningar som er i jobb ved Coop Extra. Sistnemnde jobbar der som fast tilsett, medan Beraki bur i Stavanger, men tar ekstravakter i Sauda. (Arkivfoto: Linda M. Lie)

Tener millionar på flyktningane

Flyktningtenesta går i overskot, og pengane går inn i drifta av kommunen.

– Det er cirka éin million kroner i året. Det er ikkje ein veldig høg sum i den store samanhengen, men likevel viktige pengar. Iallfall nå når vi står framfor ein veldig anstrengt økonomisk situasjon, seier rådmann i Sauda kommune, Wictor Juul.

Sauda kommune har per i dag ein vanskeleg økonomi, og står framfor store og dramatiske kutt i driftsbudsjetta sine komande år. Kommunestyret vil i desember vedta budsjettet for 2017. I rådmannen sitt budsjettforslag er det føreslått å kutta drifta med 26 millionar kroner. Pengar frå ei introduksjonsteneste som går i pluss er derfor ekstra kjærkomne for saudarådmannen.

Det var i 2009 at Sauda kommune begynte å ta imot flyktningar, etter førespurnad frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI). I løpet av dei åtte åra som er gått har Sauda busett heile 157 personar. 102 av desse er vaksne, 62 er barn under 18 år.

61 av dei vaksne bur framleis i Sauda.

Nå har IMDI bedt Sauda kommune om å busetta ytterlegare 15 flyktningar i 2017. Onsdag var saka på bordet til formannskapet. Eit einstemmig formannskap vedtok å seia ja til førespurnaden.

– Mange av asylsøkarfamiliane som har budd i Sauda det siste året, og som har fått innvilga opphald i Norge, ønsker å fortsatt bu i Sauda. At me seier ja til å busetta 15 personar i 2017, opnar for at fleire av dei kan få fortsetta med å bu her, sa Kristeleg Folkepartis Kristian Landro.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.