– Det blir travelt, men eg har mange gode folk med meg. Samtidig har me gjort dette før, så dette skal gå heilt fint, seier Aud Hege Jørgensen Hebnes.
Onsdag i sist veke blei det kunngjort at driftsselskapet bak Sauda Fjordhotell nå er konkurs. Eigar og drivar Jens Brokmann forklarte konkursen med vanskelege tider i hotellbransjen. Meldinga om konkursen kom bare få dagar før julebordsesongen starta for fullt ved fjordhotellet. Men alt torsdag kveld blei det klart at juleborda ved hotellet går som planlagt. Firmaet Sauda Fjord Camping har kjøpt opp mat og drikkevarer og ordna seg skjenkeløyve. På denne måten tar dei på seg å arrangera dei to store firma-juleborda ved det over hundre år gamle fjordhotellet.
Aud Hege Jørgensen Hebnes forklarer at løysinga har fleire årsaker.
– Driftsselskapet til fjordhotellet skuldar Sauda Fjord Camping pengar for vasketenester. Å overta juleborda er vår måte å få inn nokre av desse pengane me har uteståande hos dei, forklarer ho.
Jørgensen Hebnes, som for eit par år sidan dreiv Sauda Fjordhotell, meiner også at det vil vera synd å legga ned drifta på ein slik måte, like før jul.
– Målet er at me med å gjennomføra juleborda får ein litt meir skikkeleg avslutning på drifta. Og ikkje minst er det dumt at ei stenging ville ha øydelagt juleborda for mange lokale firma, seier ho.
Les meir i papiravisa komande tysdag.