BOK-MORO: Alvin Guggedal og Oliver Oxaal Bastlien (bildet over) er ofte innom på biblioteket. Her har dei det morosamt med ei bok om bilar. (Foto: Edd Meby)
BOK-MORO: Alvin Guggedal og Oliver Oxaal Bastlien (bildet over) er ofte innom på biblioteket. Her har dei det morosamt med ei bok om bilar. (Foto: Edd Meby)

Rekordbesøk på biblioteket

Ungane i Rustå barnehage ruslar inn frå vinterkulda og fell fort til ro med bøkene i barneavdelinga. Aldri har det vore fleire besøkande på biblioteket i Sauda enn i 2016.

39 000 har vore innom dørene hittil i år.

På same tid i 2015 var talet 33 000.

I 2014 var det 32 000 besøkande.

I 2013 var det 26 000.

Ikkje rart biblioteksjef Ingunn Kalvik er godt fornøgd:

Dette viser at vi får resultat av det målretta arbeidet vi gjer. Det er heilt fantastisk å sjå dei besøkstala vi har nå.

Det er fleire forklaringar på auken dei siste åra.

Det eine er betre lokaler. Sidan vi flytta frå dei gamle lokala over brannstasjonen har vi sett ein klar auke i besøket. Der hadde vi 284 kvadratmeter, her har vi 450. Då var vi litt utilgjengeleg i andre etasje. Nå ligg vi på gateplan, i hjarta av byen, og det er lettare for folk å bare kome innom. Då blir det mykje meir liv og røre på biblioteket enn før, meiner Kalvik, som har jobba ved biblioteket sidan 1993, og veit kva ho snakkar om.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.